Om Volda filmklubb

Volda filmklubb vart starta i september 2025 og har som formål å samle innbyggjarane i Volda til gode filmopplevingar med sosiale og kulturelle innslag, og på tvers av generasjonar frå 15 år og oppover. 

Volda er nasjonalt kjent som mediebygda, med utdanning innan mediefag og film både på vidaregåande skule og høgskulen. Samtidig er det svært få tilbod som skapar møteplassar på tvers av generasjonar for medie- og filminteresserte i bygda. Det vil vi gjere noko med! 

Volda filmklubb er ein ideell organisasjon tilknytt Norsk filmklubbforbund. Vi samarbeider med Volda filmteater om visningar. I det utvida styret og programrådet for Volda filmklubb sit medlemmar frå ungdomsklubben i Volda, Volda vidaregåande skule, studentar, tilsette og pensjonistar ved Høgskulen i Volda. Vi vil invitere til å oppleve og diskutere filmar som ikkje blir sett opp på vanleg kino, og som har hatt historisk og kulturell betydning både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Styremedlemmar:

  • Synnøve Hedemann Amdam, styreleiar
  • Joakim Artem Heiland, 1.nestleiar
  • Gunnar Strøm, 2.nestleiar
  • Martin Heggernes Johannessen, kasserar
  • Håvard Krøvel Velle, medieansvarleg

Programråd:

  • Joakim  Heiland (leiar)
  • Endre Eidsaa Larsen
  • Martin H. Johannessen
  • Håvard Krøvel Velle
  • Martin Sørvold

Lurer du på noko? Send oss ein e-post!