Medlemskap krev 2 trinn:
- Registrer deg hos Norsk Filmklubbforbund
- Betal ordinært medlemskap eller medlemskap med sesongkort ved å vippse til #30985
Ulike typar medlemskap:
- Med ordinært medlemskap til kr 100 får du første film gratis og betaler så 100 kr per film
- Med sesongkort får du sjå alle filmar i den aktuelle sesongen gratis, det kostar 500 kr for vaksne og 250 kr for studentar
- Ungdom som er skuleelevar over 15 år går gratis
Sidan vi er ein nystarta filmklubb håper vi at flest mogleg kjøper sesongkort, men du står sjølvsagt heilt fritt til å velje type medlemskap.
Har du ikkje Vipps?
Ta kontakt med oss på epost: voldafilmklubb2025@gmail.com så fiksar vi det!
Korleis veit du at alt er i orden?
Når Volda filmklubb har registrert betalinga di, får du ein e-post med beskjed om at betalinga er registrert, kor lenge medlemskapet varer og kvar du finn informasjon om filmar, aktivitetar og billettar.
