25.11.2025: Twin Peaks (1990)

Eksklusiv vising av piloten + episode 1 av Twin Peaks for filmklubbmedlemmar (noko alle kan bli).

Tysdag 25. november vert ei reise inn i David Lynch og Mark Frost sitt univers. Frå kl. 19 kan du nyte smultringar, kirsebærpai og kaffi i kinostova på Volda filmteater. Kl. 20 vert det eit kort musikkinnslag + introduksjon i kinosalen, før me viser Northwest Passage (piloten, regissert av David Lynch) og Traces to Nowhere (episode 1, regissert av Duwayne Dunham).

Etter visinga vert det nachspiel med livemusikk, kåring av beste kostyme, og generelt eit fint høve til å diskutere Lynch, Badalamenti, Dale, Audrey, The Log Lady, ugler, dvergar, kjemper, BOB – og alt anna som ein forbinder med dette fascinerande universet.

Meld deg på Facebook-hendingane her:

Vorschpiel

Nyt gratis smultringar, kirsebærpai og kaffi (ver tidleg ute for å sikre deg godsakene!). Bla i gamle utgåver av «Wrapped in Plastic Magazine» (Kindle-versjon, 75 utgåver utgitt mellom 1993 og 2005). Nyt musikk frå Twin Peaks-universet og kom i stemning før visinga kl. 20.

Sjølve visinga

Eksklusiv vising av piloten (i 4k!) + episode 1 av Twin Peaks for filmklubbmedlemmar. Det vert både introduksjon frå Volda filmklubb + eit musikalsk innslag i kinosalen før visinga.

Nachspiel

Nachspiel på sjølvaste Volda turisthotell aka Porse! Her får du ei aldri så lita kjensle av The Great Northern, og når du kjem inn i selskapslokala er du brått inne på The Roadhouse. På scena står høgskulestudentar klare til å servere deg musikalske godbitar frå Twin Peaks og David Lynch sitt univers generelt. Det vert også kåring av beste kostyme (nøktern, men unik premie). Dette vert ein kveld du ikkje vil gå glipp av! Gratis inngang, 18 års aldersgrense

INFO frå Norsk filmklubbforbund:

USA
Regi: David Lynch
Med: Kyle MacLachlan, Sheryl Lee, Sherilyn Fenn, Mädchen Amick, Dana Ashbrook, Richard Beymer, Lara Flynn Boyle, Peggy Lipton, Everett McGill, Wendy Robie, Ray Wise, Joan Chen, Jack Nance, Michael Ontkean, Don S. Davis, Grace Zabriskie, Miguel Ferrer, David Lynch, Catherine E. Coulson
Lengde: min
Aldersgrense: 15 år

Krimdrama, iblandet en del surrealisme, der FBI-agenten Dale Cooper reiser til den lille byen Twin Peaks for å oppklare drapet på den tilsynelatende uskyldige tenåringen Laura Palmer.